Superbad - Filmdagbok

Superbad 2007

Superbad er produsert av Judd Apatow, noko som er merkbart i stor grad på skodespelarane. Merkbart er det òg at han ikkje har regien.

To ungdommar (Jonah Hill og Michael Cera) har ein siste sjans til å ta bli med på ein skikkeleg high school-fest. Desse to og dei andre karakterane er til å sette pris på. Filmen har hausta gode omtalar for å lykkast som meir enn ein rølpete film, og for å ha litt ekstra djupn med karakterane. Eg er einig til ei viss grad, men filmen lenar seg nok i hovudsak på grove ord og mengder med faenskap. Det kan eg like.

Superbad er hysterisk og betre gjennomført enn mykje anna i omtrent same sjanger og har ein ekstra verdi for Judd Apatow-fans, men er inga gåve frå gudane.