Superman-filmen frå 1978 med Christopher Reeve er den første av hittil fem filmar som høyrer til i 1978-serien av Superman-filmar.
I denne første storfilmen om Superman blir me fortalt historia om korleis Kal-El kom til jordkloten, der han blei tatt hand om av familien Kent og fekk namnet Clark Kent. Og korleis han etter kvart blei til Superman .
Lex Luthor (Gene Hackman) er den store skurken i filmen. Han planlegg å søkke California i havet, slik at hans eigedom lengre inn i landet blir den nye vestkysten.
Filmen byr på god underhaldning. Han er delvis humoristisk i si framstilling, og sjølv om effektane har blitt noko datert, viser dei godt handverk. Historia er god, og skurken er god.