Superman/Batman: Apocalypse - Filmdagbok

Superman/Batman: Apocalypse 2010

Det har etter kvart blitt ei fast greie her å ta for seg filmane som dukkar opp i serien DC Universe Animated Original Movies, som består av filmar rett på video med kjente og kjære superheltar frå DC-universet.

Superman/Batman: Apocalypse er det andre møtet mellom dei to vidt ulike heltane, og me blir introdusert for Supergirl for første gang.

Supergirl er midtpunktet for ei kidnappinghistorie som trekk heltane våre til planeten Apocalypse, der supersurken Darkseid held til. Stort meir komplisert er det ikkje vits å gjere introduseringa til historia, som ikkje klarar å nå toppen i denne franchisen. Men actionbiten er god nok, og filmen blir ikkje noko kjedeleg tidtrøyte, men heller ein fartsprega mellomting av det eg forventar av ein film og ein tv-episode.

Superman/Batman: Apocalypse er den svakaste filmen hittil, og ein film som folk utan den heilt store interessa lett kan hoppe over.