Superman: Doomsday - Filmdagbok

Superman: Doomsday 2007

Litt skeptisk til teiknefilmformatet i denne samanhengen, gav eg meg likevel i gang med Superman/Doomsday, der stemma til Superman er av Adam Baldwin og Anne Heche står bak stemma til Lois Lane.

Historia er av den fine sorten. Han involverer Lex Luthor og dødsalvor for Superman. Luthor grev opp ein utanomjordisk, udødeleg krigar som etter kvart skapar ein del trøbbel for Superman. Utfallet av ein lang og vill slåstkamp etter berre halvtimen av filmen har passert byggjer grunnmuren for resten av filmen som er både villare og meir interessant enn den barne-tv-animasjonsliknande første delen.

Trass i at det er altfor lite blod her og øydeleggingane er mest på bygningar klarar filmen også å levere litt meir djuptsittande alvor, om enn på like enkelt vis som spenninga, til den grad at eg faktisk ser ut til å bry meg om det.

Bortsett frå dette må filmen bli tatt for det han er, ein rett på video-produksjon som på enkelt vis er mest actionretta. Til å vere det er han god, og eg kjeda meg heller ikkje. Heller det motsette, det er nokon flotte sekvensar i blant som gjer dette til ein god nok animasjon.