Hopp til hovedinnhold
Plakat for Superman/Shazam!: The Return of Black Adam (2010)

Superman/Shazam!: The Return of Black Adam

Film
4

Superman/Shazam!: The Return of Black Adam er blant dei betre kortfilmane som har komme ut under fana DC Showcase.

Superman kjenner dei fleste til. Shazam! er ein ung gut som blir til ein vaksen superhelt når han seier shazam. Her må dei gå i lag for å klare å kjempe mot den mektige og farlege Black Adam.

Filmen har ein del tøffe kampar, og klarar å veksle fint mellom historieforteljing og få med seg nok av slåsting i løpet av under halvtimen. Eigentleg er dette ei passe lengde når det er kampscenene som er historia.

Kor mykje får ein eigentleg plass til på denne tida? Skribenten på Laybourne’s Movie Experience (laybournesmovieexperience.wordpress.com) er imponert over at filmen både får fortalt opphavet til Billy Batson og levert fleire godt regisserte kampar. Det er nettopp denne konsentrasjonen eg likar. Me får nok historie til å forstå kva kampen gjeld, og nok action til at resten ikkje treng å strekkast ut til ein langfilm.