Superstar - Filmdagbok

Superstar 1999

Superstar handlar om ein karakter frå Saturday Night Live, Mary Katherine Gallagher.

Ho er den stygge andungen ved St. Monica High School, og lever med ein draum om å bli skikkeleg kyssa. For å kunne bli det må ho bli ei superstjerne tenker hun.

Molly Shannon og Will Ferrell spelar mot kvarandre i denne labre komedien som stort sett handlar om ein talentkonkurranse. Humoren baserer seg på snodige karakterar, av ein type eg aldri heilt har likt. I fare for å kategorisere på grunnlag av eit show eg har sett lite av, så er dette ein typisk Saturday Night Live-karakter. Tåpeleg og best i små doser.

Superstar kjennest med andre ord som ein altfor lang sketsj. Han vil nok fort gå i gløymeboka.