Hopp til hovedinnhold
Plakat for Surf's Up (2007)

Surf's Up

Film
4

Gløym Happy Feet, det er Surf's Up du eigentleg vil sjå. For det er sanneleg ein gullkanta film samanlikna med det meste anna innan animerte dyre.

I halvdokumentarisk stil følger me den surfeglade pingvinen Cody frå hobbysurfing i Antarktis til proffsurfing på Hawaii. Lagt opp som ein typisk sportsdokumentar innan surfesjangeren, med intervju og surfing, samt litt historie rundt sporten, i tillegg til at filmen knyter seg opp rundt eit meir vanleg filmdrama.

Med denne oppskrifta blir fokuset for min del flytta vekk i frå utviklinga noko, som eigentleg ikkje er så spennande når han blir plukka frå kvarandre. Det er sansen for detaljane og humoren, menneskeleggeringa av pingvinane og tempoet i filmen som gjer dette til ei ganske så fornøyeleg oppleving.

Dokumentarforma er òg nøkkelen for Simon Weaving på Screenwise (screenwise.blogspot.com). Han meiner ho gir historia frisk energi og let filmen hoppe lett mellom dei ulike figurane, medan humoren held seg lågmælt og ironisk. Det forklarer godt kvifor det velkjende sportsdramaet ikkje blir eit stort problem for meg. Måten filmen fortel på, gir dei små detaljane plass til å gjere han til noko eige.