Gløym Happy Feet, det er Surf's Up du eigentleg vil sjå. For det er sanneleg ein gullkanta film samanlikna med det meste anna innan animerte dyre.
I halvdokumentarisk stil følger me den surfeglade pingvinen Cody frå hobbysurfing i Antarktis til proffsurfing på Hawaii. Lagt opp som ein typisk sportsdokumentar innan surfesjangeren, med intervju og surfing, samt litt historie rundt sporten, i tillegg til at filmen knyter seg opp rundt eit meir vanleg filmdrama.
Med denne oppskrifta blir fokuset for min del flytta vekk i frå utviklinga noko, som eigentleg ikkje er så spennande når han blir plukka frå kvarandre. Det er sansen for detaljane og humoren, menneskeleggjeringa av pingvinane og tempoet i filmen som gjer dette til ei ganske så fornøyeleg oppleving.