Surrogates - Filmdagbok

Surrogates 2009

Bruce Willis er mannen som må redde dagen i ein fartsfylt spenningsfilm med science fiction-element sett til år 2054.

Me blir introdusert for eit samfunn som har delt seg i to. Det er dei som har omfamna det teknologiske framsteget som gjer det mogleg å leve livet gjennom fjernstyrte robotar, og dei som held seg i ein isolert bydel utan teknologien. Bruce Willis er del av den førre gruppa, og er politimann i ein idyllisk by, fri frå lovbrot.

Frå byrjinga av legg filmen tydeleg opp til at Bruce Willis etter kvart vil snuble over eit problem, som sender han på hovudet inn i eit ukontrollert helvete. Han vil stille spørsmål til om livet levd gjennom eit surrogat, som dei fjernstyrte robotane blir kalla, er eit fullverdig eit. Sånn går filmen, utan noko overraskingar, men med dei føreseielege vendingane.

Surrogates er trass i eit tynt plott, smått underhaldande som spenningsfilm. Problemet er i størst grad forsøket han gjer på å framstå som kritisk til teknologisk vinning. Med sitt uskyldige forsøk verkar han både datert og lite dømmande, mangelen på ei sterk kritisk stemme forsvinn i at Surrogates skal ha med litt om alt, og endå meir spesialeffektar.

Resultatet av det mislykka forsøket på å stake seg ut ei tydeleg retning, er daå likevel ein gjennomsnittleg god studiofilm. Han kan fungere om dagsforma er ukritisk, og heimekinoen maktar å ta overhand over sansane dine, med dei påkosta bilde- og lydeffektane som Surrogates har.

Eg merkar at i løpet av den månaden som har gått sidan eg såg filmen, så har inntrykket mitt av han gradvis blitt dårlegare. Det er ein heilt grei film, men du vil med liten innsats lett finne ein science fiction som har både ei god kritisk stemme og god action. Strange Days frå 1995 er ein av mange som kan eg kan anbefale.