Hopp til hovedinnhold
Plakat for Survive Style 5+ (2004)

Survive Style 5+

Film
3

Sprø japanske idear sett i verk i eit slags amerikansk miljø. Ein mann som drepe kona si gong på gong. Ein leigemordar som likar å vise til drapa sine. Ein reklameagent med store tankar om seg sjølv og sjuke idear. Dette er litt av filmen.

Det som festar seg ved Survive Style 5+ er ikkje nødvendigvis historiene, men korleis dei er gjennomført. På den sida har eg ingenting å utsette på filmen, og det går an å få mykje ut av han på det humoristiske og det groteske planet. Men eg saknar ein betre samanheng her. For min del er det ikkje nok med ei kunstnarisk framstilling av kor sprøtt det kan bli laga. Og filmen drar ut og blir i lengste laget.

Eg er fan av surrealistiske filmar til ei viss grad, men Survive Style 5+ går litt over grensa. Eg hamnar på midtplanet når eg skal finne ut kva eg faktisk tykker om filmen, for enkeltdelene blir kjekke å tenke tilbake på. Dessutan er han så godt gjennomført. Men eg saknar ei historie å fordjupe meg i.

Robin Syversen på Japanese Cinema Archives (jcablog.com) ser langt meir samanheng i galskapen enn eg gjer. Han les overdrivingane som ein kommentar til forbruk og reklame, og meiner dei mange påfunna inngår i ei gjennomtenkt forteljing. Det gir ein interessant veg inn i filmen. For meg blir likevel ikkje denne moglege samanhengen nok til å erstatte ei historie eg kan fordjupe meg i, sjølv om gjennomføringa er imponerande.