Survive Style 5+ - Filmdagbok

Survive Style 5+ 2004

Sprø japanske idear sett i verk i eit slags amerikansk miljø. Ein mann som drepe kona si gong på gong. Ein leigemordar som likar å vise til drapa sine. Ein reklameagent med store tankar om seg sjølv og sjuke idear. Dette er litt av filmen.

Det som festar seg ved Survive Style 5+ er ikkje nødvendigvis historiene, men korleis dei er gjennomført. På den sida har eg ingenting å utsette på filmen, og det går an å få mykje ut av han på det humoristiske og det groteske planet. Men eg saknar ein betre samanheng her. For min del er det ikkje nok med ei kunstnarisk framstilling av kor sprøtt det kan bli laga. Og filmen drar ut og blir i lengste laget.

Eg er fan av surrealistiske filmar til ei viss grad, men Survive Style 5+ går litt over grensa. Eg hamnar på midtplanet når eg skal finne ut kva eg faktisk tykkjer om filmen, for enkeltdelene blir kjekke å tenke tilbake på. Også er han så godt gjennomført. Men eg saknar ei historie å fordjupe meg i.