
Susan Slept Here
Susan Slept Here er ein romantisk komedie frå 1954, som går føre seg rundt juletider. Ein 35 år gammal mann tykker at det er for ille at ei 17 år gammal jente skal sitte i arresten over jul, og tar på seg å passe på ho.
Mannen, Mark Christopher (Dick Powell), er ein suksessrik manusforfattar, men slit med skrivetørke. Unge Susan Landis (Debbie Reynolds) kan vere redninga, ulydig og opprørsk på eit vis, og kanskje med ei historie å skrive film om.
Med nok av både drama, relasjonar på kanten av det sosialt aksepterte i miljøet til filmen, og flotte folk, så er Susan Slept Here ein god film. Glad som eg er i det meste av komediar, så går filmen rett heim her. I sjangeren julefilm er det nok ikkje Susan Slept Here som vil utmerke seg mest, men han får godkjent for ein smule julestemning.
Bobby Rivers på Bobby Rivers TV (bobbyriverstv.blogspot.com) meiner tempoet, den kvikke dialogen og energien til Debbie Reynolds gjer dette til ein film han gjerne vender tilbake til. Han kallar han ingen stor komedieklassikar, men finn mykje glede i den lette underhaldninga. Det er ei vurdering eg har sansen for. Eg treng ikkje at julepreget eller historia skal gjere noko større ut av seg når personane og forviklingane fungerer så fint saman.
