Susan Slept Here er ein romantisk komedie frå 1954, som går føre seg rundt juletider. Ein 35 år gammal mann tykkjer at det er for ille at ei 17 år gammal jente skal sitte i arresten over jul, og tar på seg å passe på ho.
Mannen, Mark Christopher (Dick Powell), er ein suksessrik manusforfattar, men slit med skrivetørke. Unge Susan Landis (Debbie Reynolds) kan vere redninga, ulydig og opprørsk på eit vis, og kanskje med ei historie å skrive film om.
Med nok av både drama, relasjonar på kanten av det sosialt aksepterte i miljøet til filmen, og flotte folk, så er Susan Slept Here ein god film. Glad som eg er i det meste av komediar, så går filmen rett heim her. I sjangeren julefilm er det nok ikkje Susan Slept Here som vil utmerke seg mest, men han får godkjent for ein smule julestemning.