Eg fekk aldri sjansen til å bli med på å lage noko film verken på ungdomsskulen eller vidaregåande, men eg trur resultatet ville ha komme i same bane som denne.
Sweet Insanity startar på artig vis, med ei scene der hovudrolla Stacey spring gjennom natta iført tynn nattkjole, truleg med nokon etter seg. Så blir det dag, og me blir introdusert for vennene til Stacey. Dei har alle kvalitetar som å vere søte, har bra kropp eller når det gjeld gutane, sjå ut som modellar. Dei har også alle til felles å vere drit dårleg framfor kamera. Noko som ikkje hjelp sidan historia både heng tynt saman, og er lite spennande, trass i det store lasset med typisk spenningsmusikk som i andre thrillerfilmar.
Det låge budsjettet blir merka på bilde- og lydkvaliteten.
Dessverre fekk eg ikkje med meg noko av dette, kanskje eg har fått ein versjon der scener er klipt vekk? Så, kva var eigentleg grunnen til at eg såg denne filmen? For det første den dårlege rangeringa på IMDb. Innimellom får eg berre lyst å sjå ein dårleg film der eg kan rakke ned på alt og alle, rett og slett kose meg på andre sin kostnad. For det andre, vel, det var ingen fleire grunnar i utgangspunktet, men årsaka til at eg klarte å sjå ferdig filmen var utvilsamt dei søte jentene, utan dei hadde ikkje dette gått. Eg burde ha slakta filmen totalt, men eg klarar det ikkje, han var morosam på sin måte. Eg må likevel åtvare alle normale folk i frå å sjå denne.