Sweet Smell of Success - Filmdagbok

Sweet Smell of Success 1957

I Sweet Smell of Success gjeld det å henge med frå starten av. Introduksjonen av karakterane og deira plass i den prega medieverda me møter er kort og presis. Eg kan sette pris på ein effektiv forteljarstil, men her hadde det faktisk ikkje gjort noko om dei brukte litt lenger tid.

Tony Curtis og Burt Lancaster spelar side om side, som høvesvis presseagent og spaltist. Tony Curtis som Sidney Falco er ein sleip type som har byrja å merke at han utnyttar folk og ikkje held det han lovar. Det vil sei at han også skulder ein haug med tenester. Burt Lancaster som J.J. Hunsecker er ein av dei som ber nag i tilhøvet til Falco, men når søstera til J.J. blir forelska i ein musikartype som J.J. mislikar, har Falco løysinga og ser sitt snitt til å komme inn igjen i varmen til J.J. ved å tilby å hjelpe.

Etter mykje fram og tilbake i starten veks filmen stadig på meg når trådane byrjar å samle seg. Ikkje berre kjem det fram at filmen er ei godt fortalt historie, men det er klart at Tony Curtis og Burt Lancaster passar som fot i hose i karakterane sine. Tony Curtis er ein fryd å følge med på når Falco skodespelar framfor andre, Burt Lancaster like så. Det blir nesten sånn etter kvart at eg ikkje aner om dei spelar eller om dei er den ekte Falco eller J.J. Spesielt i eit par sinte scener då det er krangel på gang kjem verkeleg stjernene ut.

Problemet eg har med filmen er at han er for vag eit stort stykke i byrjinga. Eg tvilar ikkje at han vil bli betre under eit gjensyn, men den korte og presise introduksjonen er litt tynn. Det tar både ei stund å sjå kor dette skal gå og kven me har med å gjere forutan Falco-karakteren i presseagentmiljøet.