Swiped - Filmdagbok

Swiped 2018

Swiped er ein ungdomskomedie som bommar på mange ting, men der i det minste historia til filmen er grei og handlinga til filmen har god nok flyt.

Det handlar om den kodeglade nerden James som byrjar på college. Han er flink nok til å studere med dei beste, men har berre økonomi til å gå på eit offentleg college. Som romkamerat får han damemagneten Lance, som ikkje er opptatt av det faglege.

Lance og vennene hans pressar James til å lage ein applikasjon for å møte damer til å ha sex med. Det har seg slik at James likar ei jente på college, og han håpar å kunne nå ho gjennom applikasjonen. Men applikasjonen utviklar seg til å bli langt verre for kvinnelege brukarar enn James hadde førestilt seg.

Lance blir spela av Noah Centineo, som spela hovudrolla i den gode romantiske komedien The Perfect Date, som eg òg fann på Netflix tidlegare i år. At han stod på rollelista i Swiped fekk meg til å tru at dette kunne vere av tilsvarande kvalitet. Men Swiped er prega av ein manglande sans for detaljar, tidvis dårleg skodespel og klipping, og ein svak teknisk produksjon. Lysbruken til omtrent heile filmen er skrudd.

Eg skulle gjerne likt å sett historia til filmen bli gjort bra. Det er potensiale her til å bli ein artig ungdomskomedie. Oppbygginga av filmen fungerer greitt, med det er noko med skodespelet, klippinga og emna filmen har til å treffe med innslaga på rett tid som tar brodden ut av potensielt artige augneblinkar.

Tidlegare var det lett å skilje mellom komediar som gjekk på kino (kinofilmar), blei sendt på tv (tv-filmar) og kom rett på video (videofilmar). Desse grensene har delvis forsvunne, men i tilfellet med Swiped er det tydeleg at dette er av videofilmkvalitet. Nedst på rangstigen.