Switch - Filmdagbok

Switch 1991

Switch er ein morosam og litt forstyrrande variant av kroppsbytefilmen. Det er ei form for reinkarnasjon som står sentralt her, men ettersom det er snakk om ein personlegdom som får ny kropp, og at dette er kroppen til ein vaksen, så ligg dette nærare kroppsbyte, trass i at ingen andre byter kropp tilbake.

Ein mann blir drepen, og står opp igjen i kroppen til Ellen Barkin. Han eller ho får ein sjanse av høgare makter til å komme til himmelen, heller enn helvete, om ho får eit hokjønn til å like ho. Det skal bli sagt at ho som mann var ein fæl fyr og berre hadde kvinner som mislikte han.

Det er sjølvsagt mykje komedie i å sjå Ellen Barkin oppføre seg som ein mann. Men forbi det opplagte er det også komedie i å sjå korleis ein mann i ein kvinnekropp slit med å definere seg sjølv etter endringa. Blant anna er det ein homofob mann som har blitt kvinne me har med å gjere, som framleis likar kvinner, men som har problem med å akseptere seg som homofil.

Switch var god. Eg hadde aldri høyrt om filmen før, og gav han ein sjanse på grunn av Ellen Barkin og kroppsbyte. Men her var det nok å le av, og ein del spesielle vendingar som sette filmen litt på kanten, på ein god måte.