Take Care - Filmdagbok

Take Care 2014

Ei dame har blitt køyrt på og har brekt eit bein og ein arm. Ho blir sengeliggande og heimeverande i ein lenger periode, og treng nokon til å hjelpe seg. I utgangspunktet har ho tenkt at venner og familie skal hjelpe, men ein tanke om fortida får ho til å vurdere ein annan.

År i forvegen hjelpte ho ekskjærasten sin når han hadde kreft. Han slo sidan opp med ho, og no ser ho for seg at det er ein hemn å tvinge han til å gjengjelde tenesta. Noko ho får han til å gjere.

Dette er premissen for ein romantisk komedie som stort sett går føre seg i leilegheita til kvinna. Han handlar om å røske opp igjen ubehagelege tankar frå fortida, og gå gjennom kvifor dei er ubehagelege. Dette er styrken til filmen, og gjer han til meir enn den typiske gangen han kunne ha enda opp med å ha.

Take Care har også eit par karakterar som ytrar friske og ærlege tankar om seg sjølv og det menneskeleg sinn. Kanskje det er meint som negative innspel, men eg har respekt for og sansen for menneske som seier ting som dei er. Veit du sanninga kan du bruke han i jakta på lykke. Held du på med ønsketenking og rømming, vil du ikkje oppnå det.

Eit par ekstra lyspunkt er det som skal til i ein passe grei til god romantisk komedie til å gjere det sjåverdig, og kanskje nesten minneverdig.