Take Me Home Tonight er min type film. Han heidrar 1980-talskomedie gjennom visuelle grep til dei meir strukturelle, og får meg til å sitje igjen med kjensla av å ha sett ein film frå 1980-talet.
Matt Franklin (Topher Grace) veit ikkje kva han vil med livet. Etter utdanninga har han flytta heim igjen og jobbar mellombels i ein videobutikk. I første møte med high school-forelskinga Tori Frederking (Teresa Palmer) på fleire år, lyg han på seg å ha ein solid finansjobb. Løgner går ofte igjen som ein utløysande faktor i 1980-talskomedien.
I nær framtid frå møte skal typen til tvillingsøstera til Matt halde sin årlege gjenforeiningsfest for dei som gjekk på high school samtidig. Dit skal Tori, dit skal Matt, og dit skal også hjelparen til Matt, Barry Nathan (Dan Fogler).
Med løgner som grunnlaget for eit kjennskap som i hovudsak byggjer på dei sanne personlegdommane til Matt. Med ein kick ass fest. Rå 1980-talspop. Og ei gigantisk jernkule som er over the top-innslaget til filmen, utan at eg skal avsløre for mykje.
Å overdrive er nesten utan unntak ei greie i 1980-talskomedien, som allsongen i paraden i Ferris Bueller’s Day Off. Take Me Home Tonight har dei viktigaste elementa, og formidlar ei lett og humoristisk stemning. Han er ikkje spesielt djup, men heller ikkje kritisk og moraliserande.