
Taken 2
Taken 2 er ein god actionthriller, men han får ikkje den same verknaden som Taken. Den første filmen kjendes ny, intens og spennande. Oppfølgaren går mykje i det same terrenget, og då er ein del av spenninga ved opplegget brukt opp.
Bryan Mills (Liam Neeson) er i Istanbul når slektningar av mennene han drap i den førre filmen, vil ta hemn. Denne gongen blir både han og ekskona tekne til fange. Dottera må hjelpe dei før han kan få kontroll på situasjonen.
Repetisjonen gjer ikkje dette dårleg. Eg får framleis god action og nok thriller til å vere underhalden. Det kjennest berre ikkje like ferskt.
Jonathan Guyett meiner på Blueprint: Review (blueprintreview.co.uk) at det å snu kven som må reddast, er ein morosam variasjon. Han synest likevel det stadig meir usannsynlege opplegget svekker spenninga. Eg er meir fornøgd med filmen, men også for meg er det noko som manglar samanlikna med forgjengaren.
