Hopp til hovedinnhold
Plakat for Talking Funny (2011)

Talking Funny

Film
5

HBO-spesialen Talking Funny er verdt å nemne. Fordi han er fantastisk.

Ricky Gervais, Jerry Seinfeld, Chris Rock og Louis C.K. bruker 50 minuttar på å snakke om standupkomedie og humor. Dei følger eit par raude trådar, men snakkar elles laust om seg sjølv, opplevingane og meiningane sine.

Tonen er så lett og ledig som han kan bli. Det blir både enkelt og briljant når desse dyktige komikarane møtes.

Usemja mellom komikarane er noko av det mest interessante, slik Drew K. skriv på Mediaboy Musings (mediaboymusings.blogspot.com). Han trekker fram kor ulike arbeidsmåtar dei har, sjølv om respekten for kvarandre er tydeleg. Det gir den ledige praten eit ekstra lag. Me får både le med dei og høyre kvifor dei tenker ulikt om det å få andre til å le.

Det er lite meir å seie om Talking Funny. Det går ikkje an å gjenta innhaldet. Bare å seie at stemninga er fantastisk og det er utruleg artig.