Talking Funny - Filmdagbok

Talking Funny 2011

HBO-spesialen Talking Funny er verdt å nemne. Fordi han er fantastisk.

Ricky Gervais, Jerry Seinfeld, Chris Rock og Louis C.K. bruker 50 minuttar på å snakke om standupkomedie og humor. Dei følger eit par raude trådar, men snakkar elles laust om seg sjølv, opplevingane og meiningane sine.

Tonen er så lett og ledig som han kan bli. Det blir både enkelt og briljant når desse dyktige komikarane møtes.

Det er lite meir å sei om Talking Funny. Det går ikkje an å gjenta innhaldet. Bare å sei at stemninga er fantastisk og det er utruleg artig.