Jodi er ei 185 cm høg jente som går på high school. Ho er den høgste jenta på skulen, og får ofte høyre merknader frå andre elevar om høgda si. Spørsmål om korleis veret er der oppe er ein gjengangar. Utvalet av gutar som er like høge verkar å vere fråverande. Men ein dag kjem det ein høg, svensk utvekslingselev til skulen som ho fattar interessa for.
For å unngå at dette blir eit vanleg oppsummerande innlegg om ein kurant romantisk komedie, som verken utmerkar seg eller er spesielt dårleg, går eg rett på detaljane som stakk seg ut for min del.
Eg har sansen for skodespelarane. Dei er gode. Men den svenske utvekslingseleven Stig er ikkje svensk. Han ser ikkje svensk ut, og snakkar med ein aksent som får han til å høyres tysk ut. At ein film ikkje klarar å få ein nordisk karakter rett er ikkje nytt, men med ei så sentral rolle som Stig har her så er det kritikkverdig.
Produksjonen er god. Lyd og bilde er upåklageleg. Det ser veldig bra ut, og kort sagt er det bra. For hadde ikkje filmen hatt produksjonskvaliteten med seg, så trur eg han for kunne ha vore verre. Det er noko med totalinntrykket som blir prega av det visuelle for min del. Det passar seg difor dårleg at filmen i blant sper på med arkivfoto av byen der handlinga går føre seg i. Og kanskje hadde skodespelarane gjort seg med litt mindre sminke.
Ein siste sak eg vil kommentere er monologen eller talen til Jodi på slutten. Eg har ikkje sansen for talen som verktøy i film til å formidle ein bodskap på. I Tall Girl blir situasjonen lite truverdig, og det skin gjennom at det er ein arena for dei som skapte filmen til å formidle sine poeng på.
Det positive er at Tall Girl er ein film som har noko for seg. At eg i det heile bryr meg om å påpeike detaljane over, betyr at filmen elles er god og underhaldande. Det er ingen klassikar, men han er fin å sjå.