
Tangled
Rapunzel er fødd med fint lyst hår som lyser når ein spesiell song blir sungen. Når håret lyser blir dei som rører det friske eller yngre.
Tangled er den Disney-animerte versjonen av eventyret. Fargerik, full av song og dyr med menneskelege sjeler. Men samtidig dramatisk, eit nikk til karma og alt det andre som kan bli forventa.
For min del var det artigaste med Tangled det som skjedde på sidelinja. Hovudhandlinga var gjennomført som eg forventa at ho skulle, positivt meint. Men det var humoren i rolla til ein hest og ein kameleon som friska opp dette nok til at det var verdt dukken inn i prinsessesjangeren igjen.
Kameleonen får også særleg ros på The Movie Blog (themovieblog.com). Skribenten meiner Pascal gir kvar scene noko ekstra gjennom uttrykk og kroppsspråk, heilt utan replikkar. Han er meir oppteken av romantikken enn eg er, men det vesle dyret er me samde om. Slik humor kan friske opp eit kjent eventyr utan at filmen treng å gjere om på alt det me ventar oss av ein prinsessefilm.
