Hopp til hovedinnhold
Plakat for Taxi 5 (2018)

Taxi 5

Film
3

Det er mange år sidan eg såg dei tre første Taxi-filmane, og det hadde gått meg hus forbi at det var komme ein Taxi 4 og Taxi 5. På grunn av moglegheita til å sjå Taxi 5 nedlasta og på farten, så har eg framleis Taxi 4 tilgode.

Taxi 5 er ein biljakt- og politikomedie som står godt på eigne bein. I det oppdikta universet til handlinga finst dei førre filmane som forhistorie, men er ikkje nødvendig å ha sett for å få maks utteljing frå denne. Bilen som er den raske taxien og ein sentral rekvisitt, er den same som før. Og me får fortalt akkurat nok av historikken hans for å godta at han finst.

Hovudpersonane i Taxi 5 er nye til samanlikning frå dei fire førre filmane. Det eine av dei er i slektskap med karakteren Émilien. Mens politimannen ikkje har noko tilhøyre til tidlegare karakterar.

Handlinga omfattar jakta på ei kriminell italiensk gruppe som ranar gullsmedar og stikk av i raske bilar. I tillegg handlar det om at råskinnet av ein politimann som heiter Sylvain, blir omplassert frå Paris til lokalpolitiet i Marseilles. Og ganske snart blir den håplause nevøen til Émilien frå dei førre Taxi-filmane involvert i handling og etterforsking. Med seg som andre politimenn har Sylvain ein gjeng udugelege betjenetar.

Oppbygging og framhaldet til Taxi 5 er så enkelt at eg vil unngå å røpe meir av handlinga. Det er greitt å stille med blanke ark til forløpet, men vere førebudd på at filmen i størst grad leverer tøff bilkøyring og enkel humor.

Eg tenkte som så at sidan både Taxi 4 og Taxi 5 hadde gått meg hus forbi hittil, så var dette etterslengarar som ikkje var verdt å nemne eller sjå. Men eg var også interessert i å sjå om det stemte. Og heldigvis gjorde det ikkje det. Taxi 5 er så underhaldande som eg kunne håpe på. Eg trur ikkje han leverer i nærleiken av Taxi og Taxi 2, men det er for lenge sidan eg såg dei til at eg kan gjere ei samanlikning.

Biljaktene er langt mindre imponerande for Fabrice Sayag på Les Chroniques de Cliffhanger & Co (leschroniquesdecliffhanger.com). Han saknar kjensla av fart og fare frå dei tidlegare filmane, og meiner humoren blir gjentakande. Eg fekk meir ut av den enkle underhaldninga, men eg har heller ikkje forgjengarane like friskt i minnet. Det gjer samanlikninga hans interessant utan at ho endrar opplevinga mi.