Fah talai jone, med den engelske tittelen Tears of the Black Tiger, var andre film ut under Katakombefilm 2019 (K14). Det er ein slags western frå Thailand, som godt kan skildrast som ein film som er litt av alt. Under introduksjonen i forkant av filmen blei så godt sagt at filmen både var ironisk og ikkje ironisk, og det er akkurat slik eg opplevde han.
Eg likte byrjinga av filmen, men blei ikkje så begeistra for heile. På ein enkel måte kan eg sei at ideane til filmen blei brukt opp ganske tidleg, og at resten av filmen var ein repetisjon. Blant anna var musikken avgrensa. Det var berre nokre få variasjonar av musikken som stadig blei brukt opp att, og eg blei sånn passe lei av det til slutt. Det var nok med vilje, men det passa ikkje meg så godt.
I korte trekk handla det om kjærleiken mellom ei rik jente og ein fattig gut. Om korleis dei ikkje blei i lag som ungdommar, men møtes igjen i vaksen alder og opplever at kjærleiken for kvarandre aldri forsvann.
Stilen til filmen er verdt å nemne. Det er ei blanding av pastellfargar, svart-kvitt og sterke kontrastar på ulike tidspunkt. Som nemnt blir mykje av musikken brukt opp att ofte. Kulissene er i blant imponerande og omfattande, mens det andre gonger er brukt måleri i bakgrunnen som om filmen var ein B-film og western på lågbudsjett frå 1950-talet.
Det er mykje å legge merke til å ta inn over seg. Men krava til ein film blir litt annleis på ein dag som under Katakombefilm 2019 (K14), då heile dagen er sett av til å sjå spelefilmar.