I eit par veker har eg hatt lyst til å skrive om Ted, ein film som Universal Pictures kom med i sommar. Ved å plukke filmen frå kvarandre og skrive om synergien i store medieselekap, noko eg kunne ha skrive om med dei fleste studiofilmane, vil eg komme fram til grunnen til at eg ikkje likte filmen.
Då eg først såg Ted blei eg underhalde. Ikkje umåteleg, men akkurat passeleg til komedie å vere. Like etter å ha sett filmen gav eg han over gjennomsnittleg god karakter, noko eg i ettertid har endra til under gjennomsnittleg. Og her kjem kvifor, men først må eg klargjere noko.
Denne filmmeldinga er urettferdig, eg kunne ha brukt dei same argumenta mot mange andre filmar, men det var noko ved Ted som fekk meg til å endeleg skrive dette. Kanskje fordi han legg seg til rette for angrep som ein av dei mest innbringande komediane gjennom tidene. Men at det framleis er ein grunn romantisk komedie som ikkje fortener merksemda. Det kunne ha blitt sagt om fleire av komediane i selskap med Ted, men det får bli seinare.
Ted er ein romantisk komedie. Han handlar om ein mann som treng å bli vaksen for å få draumedama, den store kjærleiken hans, til å bli verande nettopp dama hans. Først mistar mannen dama, så vinn han dama tilbake. Innimellom dette ser me ein animert kosebamse banne ein god del. Me blir også minna på at Norah Jones er i vinden, og nyleg har gitt ut eit album gjennom Blue Note Records som blei kjøpt opp av Universal Music Group i fjor. Me blir også tvinga til å ha ei interesse for Flash Gordon, ein Universal Studios-film frå 1980, som blei gitt ut på video i 2010 og som snart blir ein animert film.
Poenget mitt er, og eg både skjønnar og synst det er greit at eit stort selskap vil tene mest mogleg pengar på underhaldninga dei tilbyr, at Ted lurer oss til å tru at det er ein vaksen og tøff komedie. Mens det eigentleg berre er nokon få veldig gode og grove vitsar og ei trist, generisk repetering av ein typisk gang i handlinga frå ein romantisk komedie. Og det skin gjennom at det er slik, så sterkt at eg får vondt i augene.
Eg hadde ikkje hatt problem med Ted om eg ikkje hadde blitt bombardert med skryt frå media. Det kan vere at media bruker andre media som kjelder, og at desse andre media er eigd av folk som eig Universal. Det kan vere, men eg har ikkje sjekka det ut.
Alt dette og litt til som eg ikkje har skrive om er grunnen til at eg ikkje likte Ted så godt.