Ted - För kärlekens skull - Filmdagbok

Ted - För kärlekens skull 2022

Ted - För kärlekens skull er ein svensk biografisk fiksjonsfilm om musikaren Ted Gärdestad, som slo stort an på 1970-talet.

Eg har ikkje noko nært forhold til musikken hans, men høyrte eit par–tre album ein gong i tida. Uansett var både personen og livet hans ukjent for meg i forkant av å sjå filmen.

Opningsvis skiltar filmen med ein tekst om at dette er fritt basert på livet til Ted Gärdestad. Og det trur eg på. For vidare er det innslag av kjente personar og tilfeldige møter som er som skapt som film. Men det er ein ting eg set pris på. Dette gjer også at valet om å ikkje gå for tungt inn i det mentale aspektet av filmen verkar rett.

For filmen er i stor grad ei glad reise med plass til mykje musikk og den glade personlegdomen til Ted Gärdestad. Og drama fungerer ekstra godt utover for å utvikle historia vidare forbi den opplagte oppturen.

Sjølv om Ted Gärdestad i stor grad var ny for meg i forkant av denne filmen, så fekk eg godt utbyte av han. Både som underhalding og ei skildring i grove trekk av kva livet til artisten kan ha innehalde.