
Film
Teddybjørnens Jul
Teddybjørnens Jul er ein norsk barnefilm frå 2022. Han er basert på barnesongen Teddybjørnens vise av Alf Prøysen.
Det handlar om Mariann som bur i eit stort hus i lag med bror sin, og to foreldre. Tida handlinga er sett til er omtrent 1950- eller 1960-talet vil eg tru. Og tida tatt i betrakning, så er familien til Mariann ganske velståande. Huset er fult av møbler og leiker, så det står ikkje på velstanden.
Alt ligg tilrette for ein hyggeleg film slik sett. At Mariann ønskjer seg ein bamse som ho ser blir lodda ut på julemarknaden har ingenting med trange tider eller sånt å gjere. Tematisk så er ikkje filmen spesielt djup, men det er kanskje greit når det mest skal vere ein koseleg julefilm for dei yngre.