Hopp til hovedinnhold
Plakat for Teen Witch (1989)

Teen Witch

Film
3

På sin 16. bursdag oppdagar Louise (Robyn Lively) at ho har overnaturlege krefter. Desse brukar ho til å gjere high school betre.

Teen Witch er ein ukomplisert tenåringskomedie om å vere populær på high school, heksekunster og konsekvensane av desse. Han har sine lystige augneblinkar, men er i størst grad lett og underhaldande med sitt typiske 1980-talspreg. Opningssekvensen er eit cheesy, saksofonprega dansenummer til dei grader eg sjeldan har sett.

Eit av mine pågåande filmprosjekt er å sjå tenåringsfilm og først og fremst tenåringskomedie frå 1980-talet. Dette er grunnen til at eg lett ser filmar som Teen Witch. Og også ein grunn til at eg likar denne filmen. Men Teen Witch er også god på å fortelje ei enkel historie på ein effektiv måte, utan å dra inn for mange karakterar eller dra det utover for lang tid.

Så sant ein tenåringskomedie ikkje er fullstendig slakt, så har eg sansen for han. Teen Witch er ikkje blant slaktet, men plasserer seg fint blant det godt gjennomførte, men samtidig lite minneverdige, vil eg tru. Det vil tida vise.

Skribenten på The End of Summer (the-end-of-summer.blogspot.com) finn stor underhaldning i det eg mest tek som eit triveleg preg av tida. Dei merkelege musikalske avbrekka, håret og kleda blir delar av ei oppleving som omtalen meiner er vanskeleg å gløyme. Eg er meir varsam i begeistringa, men skjønar gleda. Sjølv når påfunna er smått hjelpelause, gir dei denne enkle historia eit særpreg som er kjekt å vere med på.

Du ser Teen Witch viss du er interessert i tenåringshekser, Robyn Lively eller har sett det gjennom topplistene med tenåringskomedie frå 1980-talet og ønsker å gå vidare med dei gjennomsnittleg gode filmane.