Teen Witch - Filmdagbok

Teen Witch 1989

På sin 16. bursdag oppdagar Louise (Robyn Lively) at ho har overnaturlege krefter. Desse brukar ho til å gjere high school betre.

Teen Witch er ein ukomplisert tenåringskomedie om å vere populær på high school, heksekunster og konsekvensane av desse. Han har sine lystige augneblinkar, men er i størst grad lett og underhaldande med sitt typiske 1980-talspreg. Opningssekvensen er eit cheesy, saksofonprega dansenummer til dei grader eg sjeldan har sett.

Eit av mine pågåande filmprosjekt er å sjå tenåringsfilm og først og fremst tenåringskomedie frå 1980-talet. Dette er grunnen til at eg lett ser filmar som Teen Witch. Og også ein grunn til at eg likar denne filmen. Men Teen Witch er også god på å fortelja ei enkel historie på ein effektiv måte, utan å dra inn for mange karakterar eller dra det utover for lang tid.

Så sant ein tenåringskomedie ikkje er fullstendig slakt, så har eg sansen for han. Teen Witch er ikkje blant slaktet, men plasserer seg fint blant det godt gjennomførte, men samtidig lite minneverdige, vil eg tru. Det vil tida vise.

Du ser Teen Witch viss du er interessert i tenåringshekser, Robyn Lively eller har sett det gjennom topplistene med tenåringskomedie frå 1980-talet og ønsker å gå vidare med dei gjennomsnittleg gode filmane.