
Teen Wolf
Det er tullete, men også gøy, når Michael J. Fox spelar ein ungdom som blir varulv og må gjere det beste ut av det.
Teen Wolf er på ingen måte ein typisk grøssar, thriller eller mørk og dyster film, trass i varulvtematikken. Dette er ein ungdomskomedie om å vere annleis, gjere det beste ut av det du kan, og utnytte flaks i uflaks.
Scott (Michael J. Fox) er ein fyr som ikkje er god nok, men som får supre krefter når han ein dag oppdagar at han er ei hybridsak mellom menneske og ulv.
Spe på problemet som er å halde dette skjult, populariteten han får som god på basketballaget, og litt tenåringsromantikk, så har du ein artig komedie som heiter Teen Wolf.
Gareth Rhodes på Gareth Rhodes Film Reviews (garethrhodes.wordpress.com) meiner Michael J. Fox held filmen flytande, men at manuset er for tynt og bodskapen om å vere seg sjølv for klønete. Eg er mindre streng med dette. Det treng ikkje vere ei stor undersøking av ungdomslivet for at blandinga av basketball, varulvproblem og romantikk skal fungere som ein artig komedie.
