Temps - Filmdagbok

Temps 2016

Temps vert selt som ein romanse på arbeidsplassen, men er i grunn meir ein romantisk komedie om ein redsel for å forplikta seg, og går føre seg litt overalt.

Grant Rosenmeyer og Lindsey Shaw spelar dei sentrale figurane. Han første har spelt i litt av kvart av småting sidan han var med som sonen til Ben Stiller i The Royal Tenenbaum. Lindsey Shaw har stort sett halde seg til seriar og smalare filmar.

Eg har sansen for dette paret og kjemien deira. Og det er fint å sjå solide skodespelarar, som ikkje er store Hollywood-stjerner endå, i ein god romantisk komedie som dette. Ofte står valet mellom utprega lågbudsjettsfilm og passe ukjente skodespelarar, eller godt produserte filmar og litt for kjente skodespelarar. Temps er ein god mellomting.

Grant Rosenmeyer er Jefferson som er hovudpersonen, ein fri fugl som gradvis innser at han er vorte vaksen. Men det er ein prosess, og Lindsey Shaw som er Stephanie hjelp han med prosessen.

Det er ein uformell og ukomplisert film som eg aldri kjedar meg med. Eg likte òg musikken i filmen godt. Temps hadde for meg ukjente songar, som likevel traff umiddelbart som både stemningsmusikk og som eg vil høyra igjen.

Sjølv om eg stort sett har positive ting å seia om filmen, er ikkje han topplistemateriale. For å nå dit måtte filmen ha stukke djupare emosjonelt, eller vore tilnærma perfekt i si utføring. Eventuelt bidrege med skikkeleg god humor. Her er komedien mest ein støttespelar til romantikken.