
Tenebre
Tenebre følger ein forfattar som heiter Peter Neal. Han kjem til Roma for å promotere ei ny bok. I det han kjem dit startar ei rekke mord inspirert av hans eigne historier.
Etterforskar Giermani leiar etterforskinga. I tillegg til ein seriemordar som følger han, blir Peter Neal uvitande forfulgt av ekskona. Filmen blander sjangrar som kriminal, skrekk og thriller, med ei rekke dramatisk iscenesette drap.
Stilen i filmen er lett å kjenne att som Dario Argento sin. Dei sterke fargane, den aktive kamerarørsla. Eit uttrykk som både verkar veldig profesjonelt, men og forfriskande røft.
Stilen held òg interessa oppe for skribenten på Scary Film Review (scaryfilm.blogspot.com). Omtalen rosar fargane og særleg den synthprega musikken, men meiner tempoet sviktar fleire stader. Det liknar litt på mi kjensle av ein fascinerande film med ei noko stiv historie. Når uttrykket er så markant, kan eg ha glede av sjølve framstillinga sjølv om ikkje kvart drap eller kvar vending treff like godt.
Eg tykker at Tenebre er ei interessant oppleving. Dødssekvensane kunne ha truffe betre, men filmen klarer likevel å halde på merksemda mi. Stilen er fascinerande. Historia kan verke noko stivt oppbygd. Alt i alt er filmen underhaldande.