Hopp til hovedinnhold
Plakat for Terkel i knibe (2004)

Terkel i knibe

Film
3

Eg hadde håpa på ein hysterisk og mørk animasjonsfilm, men Terkel i knipe var ikkje meir enn halvmorosam på sitt beste, og blei litt kjedeleg i lengda. Det er mange artige detaljar som likevel aldri klarar å gjere filmen ekstraordinær. Berre ein plass i filmen lo eg ekstra høgt, men det var ikkje nok. Det var altså der filmen var på sitt beste, nemleg halvmorosam. Historia blir for barnsleg, og overskugga det av blod som er.

Det einaste eg i grunn likte var banninga og orda som blei brukt, som var veldig oppfinnsame. Samt animasjonen har sin eigen rare og enkle stil. Men etter å ha gått lenge og håpa at denne filmen skulle vere så mykje meir, føler eg meg snytt.

Henrik Andersen på Cinemaonline.dk (cinemaonline.dk) meiner dei tjukke figurane med lange, tynne armar og bein passar godt til det brokete persongalleriet. Han rosar dessutan lyssettinga for å skape ulike stemningar. Det er ei utdjuping av den rare stilen eg også likar. For han blir denne forma del av ein vellukka komedie, medan eg saknar noko meir bak dei oppfinnsame orda og detaljane. Uttrykket åleine klarar ikkje å halde humoren oppe.