
Terminator 2: Judgment Day
Denne filmmeldinga er skrive med oppfølgarar betre enn originale som tema. Spørsmålet er korleis betre, generelt eller på ein bestemt måte? Terminator 2: Judgment Day var filmen eg såg meg ut, utan at eg eigentleg visste om han var betre enn The Terminator. Her måtte eg håpe at folk flest var å stole på.
Terminator 2: Judgment Day er ein naturleg oppfølgar. Grunnlaget er i stor grad likt som i den første filmen, der cyborg-ar frå framtida dukkar opp for å utrydde og redde John Connor, ein framtidig menneskeforkjempar.
Med større budsjett og meir moderne teknikkar har James Cameron klart laga ein teknisk betre film. Spenningssekvensane tar pusten i frå deg i større grad enn i The Terminator, og er til og med i dag, 16 år etter, ganske ville. På denne måten er det klart at filmen er betre enn originalen.
Kva så med historia og slikt? Her stiller eg meg litt i tvil. Utan å vite kva som har skjedd tidlegare er dette litt tynt, på ei anna side utfyller Terminator 2: Judgment Day ein ikkje fullt så informasjonsrik førstefilm. Utfylling blir utdjuping, så historia kan verke meir gjennomtenkt, men eg klarer aldri heilt å riste av meg at det er nokså likt.
Ei side som eg har klarare formeiningar om at gjorde seg betre i den første filmen, var plasseringa til vår viktige venn, John Connor. Der var han nemleg ikkje fødd, iallfall ikkje i den gongen si notid. Her er han ungdom i trassalder og står mykje i vegen ved å prøve å vere helt. Skodespel og ikkje minst roller er ikkje slikt eg legg mest vekt på i ein film lik denne, men det skadar heller ikkje å ha overraskande reaksjonar.
John Connor er faktisk eit av dei sterkaste argumenta for oppfølgaren på Alex’s Review Corner (super142.wordpress.com). Skribenten meiner guten tilfører både humor og sjarm, og at forholdet hans til maskina er det som sit sterkast igjen. Der reagerer me ganske ulikt. Eg opplever han oftare som ei hindring, medan denne omtalen finn ei kjenslemessig utdjuping i nettopp det som gjer meg mindre sikker på om historia er betre.
Når filmen til slutt skal bli oppsummert blir det spenninga som avgjer for meg. Den første filmen var tøff og alt det der, men Terminator 2: Judgment Day er meir pumpa, og det fungerer faktisk ganske bra.
