Terminator 2: Judgment Day - Filmdagbok

Terminator 2: Judgment Day 1991

Denne filmmeldinga er skrive med oppfølgjarar betre enn originale som tema. Spørsmålet er korleis betre, generelt eller på ein bestemt måte? Terminator 2: Judgment Day var filmen eg såg meg ut, utan at eg eigentleg visste om han var betre enn The Terminator. Her måtte eg håpe at folk flest var å stole på.

Terminator 2: Judgment Day er ein naturleg oppfølgjar. Grunnlaget er i stor grad likt som i den første filmen, der cyborg-ar frå framtida dukkar opp for å utrydde og redde John Connor, ein framtidig menneskeforkjempar.

Med større budsjett og meir moderne teknikkar har James Cameron klart laga ein teknisk betre film. Spenningssekvensane tar pusten i frå deg i større grad enn i The Terminator, og er til og med i dag, 16 år etter, ganske ville. På denne måten er det klart at filmen er betre enn originalen.

Kva så med historia og slikt? Her stiller eg meg litt i tvil. Utan å vite kva som har skjedd tidlegare er dette litt tynt, på ei anna side utfyller Terminator 2: Judgment Day ein ikkje fullt så informasjonsrik førstefilm. Utfylling blir utdjuping, så historia kan verke meir gjennomtenkt, men eg klarer aldri heilt å riste av meg at det er nokså likt.

Ei side som eg har klarare formeiningar om at gjorde seg betre i den første filmen, var plasseringa til vår viktige venn, John Connor. Der var han nemleg ikkje fødd, iallfall ikkje i den gongen si notid. Her er han ungdom i trassalder og står mykje i vegen ved å prøve å vere helt. Skodespel og ikkje minst roller er ikkje slikt eg legg mest vekt på i ein film lik denne, men det skadar heller ikkje å ha overraskande reaksjonar.

Når filmen til slutt skal bli oppsummert blir det spenninga som avgjer for meg. Den første filmen var tøff og alt det der, men Terminator 2: Judgment Day er meir pumpa, og det fungerer faktisk ganske bra.