Tidslinja i Terminator-filmane har hoppa så mykje fram og tilbake, og endra seg så mange gonger, at det ikkje betyr så mykje lenger.
I Terminator Salvation er me i 2018 og i 2003. I framtida har det blitt krig mellom menneske og maskiner. Dette er i stor grad ein dyster krigsfilm, og ein kurant actionfilm. Eg tenkte lite på tidslinjelogikk eller samanlikning med gamle filmar. For i alle utvidingar av dette universet og kva som skjer, har skjedd og så vidare, så ser eg på alt Terminator-relatert som relativt fritt til å gjere som dei vil.
Så lenge det er tøffe robotar og tidsreiser, og ei slags historie til å gi det heile ien samanheng, så er eg fornøgd. Det blir ikkje det same som det dei to første filmane gjorde uansett. Og med desse små krava så er Terminator Salvation så absolutt innanfor.