Terri har blitt promotert som ein uavhengig komedie om ein rar og overvektig utsidar, men er i mindre grad ein komedie enn eit drama. Filmen har eit sterkare grep om seriøst drama enn namn som John C. Reilly på rollelista kunne få meg til å tru. Det sagt, filmen er ikkje blotta for humor.
I Terri følger me Terri, spelt av den heller ukjente Jacob Wysocki, viss serie Huge er blant få tidlegare produksjonar. Terri bur hjå ein sjuk onkel, portrettert av Creed Bratton frå The Office som gjer ei god seriøs rolle, trass i at eg med mange sesongar av The Office i bagasjen automatisk leitte etter komiske avbrekk.
Terri går i pyjamas på skulen og har få eller ingen venner. Han ser ut til å skilje seg ut frå andre ungdommar, men er verken barnsleg, dum, dritsekk, mobbeoffer og manglar heller ikkje sosiale antenner. Terri høyrer ikkje heime blant stereotypane, og er smått udefinerbar. Skal eg tykkje synd i han eller le i lag med det han gjer?
Ein litt trist undertone og tema om å vere offer for manglande oppfølging i oppveksten og mangel av nære venner, tar ikkje fullstendig over filmen. Rektor på skulen til Terri, Mr. Fitzgerald (John C. Reilly), har teke på seg å følge opp sosiale avvik. Gjennom små samtalar på rektorkontoret og med ein etter kvart utvida omgangskrins gjennomgår Terri ein knapt synleg, men viktig transformasjon mot å bli meir vaksen.
Ei fin og involverande historie, hjelpt fram av gode skodespelarprestasjonar gjer Terri til ein solid film. Han går aldri for langt og held seg truverdig, men avgrensar også seg sjølv til å innehalda minimalt nytt og spennande frå andre liknande filmar. Sjå på det som ein meir moden variant av den typiske uavhengige filmen, og han held seg. Men for å bli den ultimate filmen manglar derimot Terri fleire emosjonelle utløysarar og meir handling eller sterkare dialogar.