Hopp til hovedinnhold
Plakat for Tesla (2020)

Tesla

Film
2

Tesla er ein finurleg film, som dessverre blir tynga av å vere kjedeleg. Finurleg fordi han fortel historia om Nikola Tesla med merkbare verkemiddel. Som det å bryte den fjerde veggen. Eller veksle mellom bruk av filmsett og bakgrunnar som ser ut som lågbudsjettsfilm og påkosta film. Desse grepa og ei interessant livshistorie gjer filmen haldbar, for elles er han langsam og har lite energi å by på frå verken stemninga eller rollane.

Formeksperimenta mistar òg noko av glansen for Ruth Maramis på FlixChatter Film Blog (flixchatter.net). Ho likar påfunna i starten, men meiner dei etter kvart går på kostnad av kjenslemessig innleving og innsikt i Tesla som menneske. Det er mykje av det same problemet eg sit med. Me kan vere oppfinnsam i uttrykket og likevel mangle energi i forteljinga.