- Filmdagbok

Tesla

Tesla er ein finurleg film, som dessverre blir tynga av å vere kjedeleg. Finurleg fordi han fortel historia om Nikola Tesla med merkbare verkemiddel. Som det å bryte den fjerde veggen. Eller veksle mellom bruk av filmsett og bakgrunnar som ser ut som lågbudsjettsfilm og påkosta film. Desse grepa og ei interessant livshistorie gjer filmen haldbar, for elles er han langsam og har lite energi å by på frå verken stemninga eller rollane.