Hopp til hovedinnhold
Plakat for Thank You for Smoking (2005)

Thank You for Smoking

Film
4

Er dette verkeleg meint som ironisk underhaldning, eller står faktisk tobakksindustrien bak? I filmen blir eit samarbeid mellom store tobakkselskap og Hollywood omtalt, på eit mykje tydelegare nivå sjølvsagt, men det kan jo også bli sett på som at filmen gjer narr av sjåaren, som blir proppa full med, ikkje akkurat direkte, men likevel, godsnakk om sigarettar.

Dette tar meg over på djupna til filmen. Eg tykker at filmen gjer seg godt både som enkel humor og det at han har ein djupare, meir tankekrevjande, humor. Det er flust med ironi, sarkasme i denne tobakksrelaterte satiren. Nok av organisasjonar får smake av kritikken her, på eit underhaldande grunnlag. Dette er med på å løfte filmen over mykje av det PR-kåte komediemateriale til Hollywood, og gjer at eg trur filmen vil klare seg betre hjå dei som set pris på ein meir intelligent sak.

No skal eg ikkje skryte filmen opp i skyene, for det finst mange element som er tatt med for å gjere denne filmen publikumsvennleg, og eg set pris på det.

Andre kan godt finne grunnar til å ikkje sjå denne filmen, men til sjuande og sist er det underhaldningsverdien som tel for min del. Eg hadde stor glede av enkle ting som sceneskifte som danna ei tredje meining. Eg likte også å lese ironien i situasjonane og merke meg triksa og informasjonen som blei gitt. Det var ikkje nødvendigvis sant, men likevel artig.

Korleis eit argument kan høyrest rett ut utan å vere det, er også noko skribenten på A Nutshell Review (anutshellreview.blogspot.com) finn særleg morosamt. Han trekker fram scenene der Nick lærer sonen å vinne diskusjonar, og samtalane mellom lobbyistane. Det passar godt med gleda mi over ironien. Underhaldninga kjem ikkje berre av det som blir sagt, men av å sjå korleis orda blir brukte til å vende ei sak i ei heilt anna retning.

Har eg skifta syn på tobakk? Nei. Det skal meir til enn dette for å endre synet mitt på eit så omfattande område.