Dette er ein lett og kurant romantisk komedie med tradisjonelle skodespelarval som Mark Ruffalo og Gwyneth Paltrow.
I handlinga er førstnemnte av desse sexavhengig, men har vore avhaldande i fem år. Så møter han ei dame, spelt av Gwyneth Paltrow, som på sett og vis er perfekt for han. Men ho avslører at ho ikkje går på stemnemøte med personar som har avhengnadsproblem i ein eller annan samanheng. Dette får følger for kva karakteren til Mark Ruffalo skal finne på å sei og gjere.
Enkle komplikasjonar som følger av dette utgjer utfordringane i denne filmen. Det er ingen som har satsa på å finne opp krutet på nytt, men filmskapar Stuart Blumberg gjer ein habil jobb med det enkle. Og leiar skodespelarane til å gjere ein god jobb. Totalen er fornøyeleg nok.