
That Darn Cat!
Ein katt blir nøkkelen til å avsløre to bankranarar. I denne komedien med Hayley Mills og Dean Jones må eit samarbeid til mellom FBI, ein familie og deira uføreseielege katt med sterk personlegheit. Amerikanske hovudstraumskomediar frå 1960-talet har eit eige uttrykk og litt finurleg form for humor, som pregar That Darn Cat! Og det kan eg sette pris på. Sjølv om det kan bli litt langdryg til slutt.
Humoren får mykje ros av Secluded Charm (secludedcharm.blogspot.com), særleg scenene der FBI prøver å skugge ein katt som gjennomskodar metodane deira. Skribenten trekker også fram dei mange eksentriske bipersonane. Det er nettopp denne typen finurlege påfunn eg kan like. Eg blir litt lei mot slutten, men filmen har eit komisk uttrykk som framleis har sjarm.
