Shaw Brothers Studio-filmen Shao Lin san shi liu fang trår til og blir i løpet av to timar til ein av mine favorittar innan kung fu-filmar. Og det med ei relativt enkel historie.
San Te (Chia-Hui Liu) og eit par medstudentar hamnar i bråk som opprørarar mot grufulle herskarar. Han endar opp med å søke tilflukt i Shaolin Temple, der han trenar seg opp til å bli legendarisk god til å slåst.
Oppbygginga er langt meir elegant enn som så. Det er fordelinga mellom forhistorie, treningssekvensar og uunngåeleg konfrontasjon mot slutten som gjer at Shao Lin san shi liu fang, eller The 36th Chamber of Shaolin, får eit preg av å vere ein djupare og meir seriøs film enn eg hadde forventa på førehand. Bildekvaliteten og bildekomposisjonen er også nydeleg, og er med på å heve den totale kvaliteten.
Sentralt i filmen er kung fu-en. Ein stor del av handlinga er via til opphaldet til San Te i eit buddhistisk tempel, der kampsportekspertar også held til. Filmtriks eller ikkje, treninga og slåstinga er imponerande og dermed svært underhaldande. Det skal sjølvsagt vere litt av det overnaturlege og urealistiske med, og det er ei positiv greie, men stort sett held filmen seg innanfor det tilsynelatande realistiske.
Eg vil tru eg er relativt fersk når det gjeld Shaw Brothers Studio-filmar, men med i overkant av 1000 filmar er eg usikker på kva eg har vore borti før. Uansett gav denne og Shaw Brothers Studio meirsmak. Og eg vil anbefale Shao Lin san shi liu fang.