Frå lydfilmen sin ungdom kjem ein Alfred Hitchcock-spionthriller sett til dei britiske øyer.
Richard Hannay (Robert Donat) er ute i kulturelt ærend når han møter ei ung kvinne som er etterfølgd. Slik blir han innblanda i ei spionsak og får både politi og ukjente fiendar i hælane når han prøver å komme seg unna.
The 39 Steps er ein spennande rømmingsfilm av typen det har blitt laga altfor mange dårlege etterlikningar av seinare. Og nokon gode sjølvsagt. Han er kort og held tempoet høgt ved stadig geografisk forflytting, og ved å stadig introdusere nye menneske.
Dei 39 stega handlinga er bygd opp rundt er tomme ord i starten, men filmen bygg seg godt opp, og etter kvart blir han meir innvikla og spennande.
Nysgjerrigheita rundt kva desse stega er var på plass heile vegen, men på ein måte som gjorde meg spent heller enn utålmodig. Måten filmen blir presentert på er sjarmen ved The 39 Steps. Han er humoristisk og med mange indirekte og smått frekke gestar og dobbeltydige utsegn er det ein fryd å sjå dette, som er frå ei tid då filmsensuren var strengare på seksualitet. Det kan jo òg bli diskutert i kva grad filmane i dag går for langt på slikt, og kva det gjer med den filmatiske kvaliteten.
The 39 Steps hadde alt eg håpte på og litt til. Han er spennande, godt produsert og utan kjedeleg vrøvl som er irrelevant for historia. Ingen karakteroppbyggingar som tek ein halv time, men rett på sak og presentering av rollene i filmen parallelt med handlinga.