
The 6th Day
The 6th Day er ein film eg berre har sett nokre utdrag frå, for over 25 år sidan. Det var difor artig å sjå han i heilskap, og kople minnene til sjåaropplevinga.
Historia går føre seg i ei ikkje ei altfor fjern framtid, sett frå år 2000. Arnold Schwarzenegger spelar helikopterpilot og familiefar. Han blir sendt inn i ei actionpakka handlinga som bygger på kloning.
Det er mange gode idear i The 6th Day. Teknologiske og medisinske vinningar som gjer seg godt på film. Men det blir litt sirkusstemning over det heile. Filmen manglar eit profesjonelt uttrykk. Det er år 2000 med påslengte detaljar. Eg saknar ei betre framstilling av framtida.
Det merkast at Arnold Schwarzenegger byrjar å bli ein aldrande mann. Han manglar litt energi her. Og det gjer at hans manglande anlegg for skodespel kjem ekstra fram. Eller manglande kompetanse hjå regissøren til å få det fram i han. Eg har sett han gjere seriøse rollar frå seinare tid.
The 6th Day er lett underhalding med mange godsaker. Men han hadde vunne på å vere meir seriøs.
Kloning gir eit godt utgangspunkt, men garanterer ikkje ei engasjerande historie. Olson’s Movie Blog (olsonsmovieblog.blogspot.com) meiner at The 6th Day ikkje når opp til Arnold Schwarzenegger sine beste science fiction-filmar. Skribenten tykker at karakterane er mindre interessante og actionen for føreseieleg. Eg fekk meir ut av ideane enn denne omtalen gir inntrykk av, men kjenner att problemet med at potensialet druknar litt i dei vanlege grepa.
