Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Accidental Tourist (1988)

The Accidental Tourist

Film
3

The Accidental Tourist er ein av desse amerikanske filmane som står med eit bein i Hollywood og eit bein utanfor. Det kan iallfall verke sånn. Lawrence Kasdan regisserte. William Hurt spelar reisebokforfattaren Macon Leary, som slik på privaten etter at sonen er død. Eit år etter døden vil kona Sarah skilje seg og flytte ut.

Det er ei tung historie. Men filmen blir ikkje tung. Macon møter hundedressøren Muriel, spelt av Geena Davis. Mueriel er livleg og kaotisk og dreg Macon ut av sitt tunge sinn. Til dette brukar filmen humoristiske grep og overdrivingar.

Som fleire amerikanske filmar frå denne perioden styrer ikkje The Accidental Tourist bort frå det vanskelege, men vågar å sleppe inn varme, snåle rollefigurar og artige replikkar.

Den lette tonen overraska òg skribenten på Same League (sameleague.wordpress.com), som venta ei tung oppleving og i staden blei begeistra. Omtalen rosar dialogen for å vere både vittig og truverdig, og filmen for å kjennast livleg trass i det mørke bakteppet. Eg er ikkje like engasjert i heilskapen, men denne blandinga av sorg og varme er noko av særpreget eg set pris på.

Eg likte filmen berre sånn heilt passe. Det er først og fremst på grunn av skodespelarane. William Hurt er god i rolla som ein inneslutta mann. Geena Davis er ein fargeklatt. Kathleen Turner har ikkje like mykje å jobbe med.

Det blir aldri meir enn passe engasjerande. Historia er enkel. Macon må velje mellom Muriel og ekteskapet. For meg blir det litt for føreseieleg. Filmen vil vere realistisk, men og vere eit lyspunkt.

The Accidental Tourist har særpreg. Han tek døden på alvor utan å bli for dyster. Han har plass til humor. Og han har skodespelarar som verkeleg kan noko.