The Adjustment Bureau er regidebuten til George Nolfi, manusforfattar til The Bourne Ultimatum og The Sentinel. Det er ein vellykka adapsjon av ei Philip K. Dick-novelle, ein forfattaryndling i Hollywood som kanskje er mest kjent for å ha skrive romanen som Blade Runner og novella som Total Recall har sine utspring frå.
At dette er ein vellykka film er ikkje opplagt. Han bygg på eit romantisk møte og eit kontrollorgan som styrer skjebnen til menneska. På papiret er utfoldinga av denne kombinerte historia rett fram og ikkje fullt så spennande, men gjennomføringa med rett timing og nok dveling ved dei rette dilemma gjer at filmen får ein suggerande effekt.
David Norris (Matt Damon) er protagonisten. Han er nære ved å bli valt til senator, men øydelegg for seg sjølv. Like etter nederlaget møter han Elise Sellas (Emily Blunt) som han blir forelska i ved første møte. Desse to episodane blir til to parallelle trådar som filmen bygg på, og felles for dei er at the adjustment bureau, ei høgare makt som eg skal røpe lite om, må hindre at desse handlinga får feste og utvikle seg.
The Adjusment Bureau er ei fin blanding av science fiction, thriller, romantikk og litt action. Han har ei langvarig og interessant oppbygging og vekslar fint mellom det som skin gjennom glanspapiret som ein mytologi frå Philip K. Dick og det som er meir konvensjonelle studiofilmgrep og emosjonelle krokar for publikum å hekte seg på.
Samtidig som filmen er sprek og tidvis vekker nysgjerrigheita så er det mangel på dei største augneblinkane som kunne ha definert filmen som viktigare enn rein underhaldning.