
The Adventures of Buckaroo Banzai Across the 8th Dimension
The Adventures of Buckaroo Banzai Across the 8th Dimension var ein stor nedtur. Det er mange grunnar til det, men i stor grad kokte det ned til Peter Weller og at filmen prøvde for hardt å vere morosam.
Peter Weller er Banzai i filmen. Noko er feil med Peter Weller både her og i andre roller. Som at han stadig skal vere kul, men aldri har ei slik utstråling.
Historie og handling er sprø nok til å underhalde. Det heng berre ikkje godt nok saman. Filmen blir eit uinteressant samansurium utan motivasjon og godt driv. Trass i kritikk, det er innimellom eit lyspunkt med kjenneteikn frå 1980-talet.
På Claire’s Blog (clintjcl.wordpress.com) blir mangelen på fokus langt lettare tilgitt. Skribenten finn mykje glede i den latterlege blandinga av eigenskapar, figurar og science fiction, sjølv om det stundom er uklart kvar filmen vil. Eg blir ikkje like riven med av det sære. Ideane er sprø nok, men dei gir meg for lite driv til at samansuriet i seg sjølv blir morosamt.
